Vikebladet Vestposten har ein redaksjon samansett av redaktør, tre journalistar i heile stillingar og ein deskjournalist i 80 prosent stilling. Alle medverkar til både papiravis og nettavis.
Mykje av den journalistfaglege utviklinga handlar om transformasjonen frå papir til nett. Vi har starta kvar arbeidsdag med eit redaksjonsmøte der vi drøftar kva saker som skal på nett, og kva vinklinga skal vere. Vi går også gjennom det siste avisproduktet for å sjå om der er saker vi kunne gjort betre.
Sportsjournalist Andreas Steinnes Bjerknes har vore på kurset «Kritisk sportsjournalistikk» hos IJ.
Journalist Ingvild Aursøy Måseide har delteke på Nynorsk avissenter sitt kurs «Kritisk til makta – når kjeldene byr opp til dans».
Journalist Ole-Ottar Høgstavoll har ikkje gjennomført kurs i 2016, men han har site i styret for Hauststormen, også som medarrangør.
Etikk
Vikebladet Vestposten legg Ver Varsam-plakaten til grunn for det etiske arbeidet i avisa. Avisa vart ikkje innklaga for Pressens faglege utval (PFU) i 2016.
2016 baud på to saker som var vanskelege å handtere. Den eine handla om 26 einslege mindreårige asylsøkjarar ved eit asylmottak i Ulsteinvik som ikkje fekk møte til undervisning ved Ulstein ungdomsskule. Bakgrunnen for nekten var uromeldingar frå foreldre om seksuell tilnærming og trakassering av jenter ved skulen. Lensmannen fekk også ei skriftleg melding frå ei av jentene om eit par hendingar som skulle etterforskast.
Avisa opplevde eit stort press frå mange innbyggjarar om å slå saka stort opp, men det var vanskeleg å kome til botnars i kva som var fakta i saka. Vi kunne ikkje basere oss på rykte. Politiet var temmeleg tause, og vi fekk kontakt med berre ei mor som ville uttale seg i saka.
Vi skreiv to leiarar om denne saka.
Etterforskinga enda med at saka vart lagt bort. Ikkje fordi statsadvokaten trakk forklaringa til jenta i tvil, men fordi den bevismessige situasjonen var slik at det ikkje fanst godt nok grunnlag for straffeforfølgjing.
Også kommunereforma og drøftingane om samanslåing av kommunane Ulstein og Hareid skulle vise seg å bli ei vanskeleg sak for Vikebladet Vestposten. Avisa tok ikkje stilling til om kommunane burde slåast saman eller ikkje. Vi var svært opptekne av at både tilhengarane og motstandarane skulle få kome til orde i avisa, men opplevde likevel at enkelte motstandar av samanslåing skulda oss for å vere for samanslåing, medan enkelte som var for kommunesamanslåing skulda oss for å vere imot.
Anne Gry Eilertsen,
ansvarleg redaktør