Sunnmørsposten

Sunnmørspostens visjon er å bidra til positiv utvikling av Nordvestlandet. Det skal vi gjere ved å lage god, grundig og uavhengig journalistikk, og ved å legge forholda til rette for ein konstruktiv offentleg samtale. I denne årsrapporten fortel vi kva vi har jobba med i 2016. For første gang på mange år opplever Sunnmørsposten stigande opplagstal. Det er dei gode pluss-artiklane som får folk til å abonnonere, og det er svært gledeleg. Fallande annonseinntekter er utfordrande, og vi har gjennomført fleire tiltak for å tilpasse kostnadane.

 





Fakta
Samlet opplag - Les mer 24137
Ikon
Utgiversted Ålesund
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Hanna Relling Berg (58)
Kommer ut Alle dager minus søndag
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
101000
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
37000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
57000
Fordeling lesere
Antall sider produsert 12691
Redaksjonelle årsverk 42
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 475
Antall kommentarer 270
Antall leserinnlegg 2200

Saker som har sett dagsorden

Ruskever

Stormen «Tor» feide innover kysten  den 29. januar. Som avis har vi eit særleg informasjonsansvar når det bles opp til uver.   Vi laga saker om korleis folk skulle førebu til stormen, rapporterte fortløpande om skader undervegs og kva folk skulle passe på. Vi kommuniserte kontinuerleg med lesarane gjennom direktebloggen på smp.no, ved å svare på spørsmål, legge ut bilder og fortelle om lause veggplater og båtar som hadde slite seg. Informasjonen gjekk begge vegar; lesarane delte sine observasjonar, bilde, videosnuttar og fortalde om sine opplevingar. På denne måten skapte vi eit digitalt fellesskap denne stormnatta som var svært verdifullt.

I dagane etterpå intervjua vi menneska som hadde blitt råka, analyserte skadeomfanget og undersøkte kvifor naudnettet ikkje fungerte som det skulle.  Nyhendedekninga av «Tor» er eit døme på godt samspel mellom nett, mobil og papir.

Det har også storma i næringslivet i nordvest, med krise, omstilling og oppseiingar. Alle dei maritime reiarlaga på Sunnmøre har jobba beinhardt for å unngå skifteretten. Nokon har klart det. Andre er framleis ikkje i mål. Vi har lagt vekt på å følge denne utviklinga tett.  Store verdiar står på spel, og det handlar om arbeidsplassane til lesarane våre.

Bonusmillionane

Gjennom systematisk jobbing i over eitt år med å få innsyn i ulike dokument, kunne Sunnmørsposten dokumentere at minst 44 millionar kroner hadde blitt sett av til bonusordningar i samband med bygging av St. Olavs Hospital. Desse ordningane vart halde hemmelege på ulovleg vis, og det vart avdekka ein ukultur.  Sakene har ført til full opprydding, og leiarlønningane i Helse Midt skal heretter følgje statlege retningsliner. Prosjektet «De hemmelige bonusmillionene» vart  nominert i grave-klassa  i Nordic Data Journalism Awards 2017. 

Forureining

Plastforureining i havet er eit stort samfunnsproblem.  Vi har skrive om forskarar som slår alarm, og lage reportasje om fuglefjellet på Runde der fuglane byggjer seg reir av fiskegarn og plastsøppel.  Bildet av ei havsule som heng livlaus utanfor kanten av reiret, kvelt i resten av fiskegarn, viser alvoret.  Fibrane i fiskegarn er blitt sterkare og betre, og i følgje dei som produserer garnet tek det minst 20 år å bryte det ned. På djupt vatn kan tapte fiskegarn bli ståande i årevis,og forårsake stor skade.  Aller farlegast er den giftige mikroplasten, som blir ete av plakton og flytter seg oppover i verdikjeda til fisk og menneske.

Datajournalistikk og visualisering

Reportasjen «Typisk Ålesund» er basert på analyse av data frå dei ulike bydelane i Ålesund, og er ei uhøgtideleg  levekårsundersøking.  Kva kjenneteiknar dei ulike bydelane? Kva preger folka som bur der, og korleis vil dei presentere seg sjølve?

«Spjelkavik er et estetisk harryhøl. Her kan folk slappe av, kose seg og bo» fortel kunstnaren Bent Erik Myrvoll, når han skal presentere sin bydel.

I reportasjen, som inkluderer tekst, grafikk, bilder og video frå alle bydelane, blir lesarane kjent med Ålesund på nye måtar.

Fotojournalistikk 

Jegarar i nordvest har brukt ein god porsjon humor og kreativitet når dei har laga sine jakthytter. Dette er utgangspunkt for fotoreportasjen «Jeger på post». Vi har møtt jegerane som kan sitte timevis i dei oppfinnsomme hyttene sine og vente på hjorten.  

Bilde og video er også viktig når vi blir med ringnotbåten «Fiskeskjær» på makrellfiske. Det er viktig å kunne skildre kvardagen om bord på ein båt, som er arbeidsplassen til mange av lesarane våre.

Vi er også opptatt av å utforske nye mulegheiter, og eit døme på dette er klatreturen opp i verdas høgaste bål med 360 graders kamera.

 

Legg til i min rapport

Prioriterer vi dei rette sakene?

Det er eit viktig spørsmål som vi stadig på stille oss. Er vi på line med lesarane våre, grip vi fatt i dei vesentlege sakene i vår region?  

Nyheitsredaktør Sindre Halkjelsvik har gjort ein grundig jobb med å kategorisere alle førstesideoppslag frå julaftan 2015 til julaftan 2016.  Ikkje fordi desse sakene representerer den totale produksjonen vår, som utgjer meir enn 15.000 små og store artiklar i løpet av eit kalenderår, men fordi førstesidevala fortel noko om kva redaksjonen prioriterer som mest sentralt og viktig. 

Næringsliv og byen

Det viser seg at nær 100 førstesider har omhandla lokalt jobb- og næringsliv. Det er godt over 30 prosent. Dette er svært mykje, men ikkje overraskande i eit år der det har vore dramatiske redningsaksjonar for så godt som alle dei lokale offshorereiarlaga. Ingen har i år vore oftare på førstesida enn Per Sævik og reiarkollegaene hans frå Herøy.

På dei neste plassane følgjer:

  • Ålesundsnyheiter: 12 %.
  • Oppvekst/skule: 8 %.
  • Helse: 7 %.
  • Kultur: 6 %.
  • Fotball: 5 %.
  • Reise-/friluftsliv: 4 %.
  • Innvandring: 4 %.

 

Toppen på lista samsvarer ganske godt med målsettinga til redaksjonen om å vere gode på næringsliv og Ålesund – det er i byen vi er lokalavis. Møre og Romsdal er eit industrifylke, som står for ein stor del av verdiskapinga i Norge.  Derfor er det avgjerande at vi er gode på jobb og næringsliv som angår heile regionen.

Det er også fint  å registrere at stoff om helse og skule/oppvekst kjem høgt opp. Meir overraskande er det nok at vi har fleire førstesideoppslag om kultur enn fotball. Rett nok har vi også tre prosent førstesideoppslag som handlar om andre idrettar.

Det er gledeleg at vi klarer å løfte fram den viktige innvandringsdebatten også i eit lokalt forankra mediehus. Ulstein er ein av kommunane som har fått erfare kva utfordringar det skaper når unge mindreårige asylsøkjarar møter moderne norsk ungdomskultur.  I ein større reportasje fortalde vi om rykteflaumen, om ordføraren som kalla inn til krisemøte og sette lova til side for å skape ro. Vi let ulike folk få kome til orde, la vekt på å få fram fakta.  

I den andre enden av lista er det overraskande at vi ikkje har meir enn to prosent oppslag om samferdsel, nesten alle har omhandla Nordøyvegen. Her er vi neppe i samsvar med interessefeltet til lesarane våre. Heller ikkje kommunesamanslåing har vi skrive nok om (to prosent).

Politi og krim har tre prosent av førstesidesakene. Det har mest å gjere med at vi i år for første gang på lenge har gått gjennom eit heilt år utan drapssaker og påfølgjande rettssaker i nordvest.

Tema som har vore nesten fråverande på førstesida er miljøvern og saker om livssyn, kyrkje og religion. Det er ikkje bra nok, så det må vi gjere noko med.

Kommunereform

Sjølv om kommunesamanslåing ikkje har resultert i så mange førstesideopplag, så har vi samla sett hatt mange saker om temaet.  For å klare å gi gode svar til folk i 25 kommunar,  vidareutvikla SmpLab ei digital svarteneste, slik at innbyggarane kunne stille spørsmål direkte til si kommuneleiing og få svar.  «Kan du svare» vart laga etter same modell som tenesta «Kan du love» som vi brukte under lokalvalet.

Legg til i min rapport

Produktutvikling

I samarbeid med firmaet Innocode har SmpLab utvikla ny digital kulturkalender som er blitt tatt i bruk av fleire mediehus.

Duettstafett er eit heilt nytt konsept som går ut på å løfte fram ukjente sangtalent i vår region.  Stafetten har pågått hausten 2016, og no i februar blir det arrangert finale for vinnarane av kvar omgang.

I 2016 vart det gjennomført eit omfattande prosjekt for å samordne papirproduksjonen i ein felles database for alle mediehusa i Polaris Media på Nordvestlandet  og i Nord-Norge. Det vart laga nye malar og geometriar, og vi fornya det visuelle uttrykket i papiravisa. Tilbakemeldingane frå lesarane har vore svært positive. Avisa er blitt lettare å lese og meir oversiktleg. I tillegg er den blitt lettare å produsere.

Legg til i min rapport

Ti mest leste saker 2016

  1. Se video av at rekordbålet velter - 329.748 sidevisninger
  2. Jente funnet død etter leiteaksjon - 163.771 sidevisninger
  3. Død kvinne funnet på parkeringsplass - 124.788 sidevisninger
  4. Kvinne i 20-årene døde i frontkollisjon - 111.403 sidevisninger
  5. Denne "løsningen" sjokkerte politiet - 106.510 sidevisninger
  6. Klaga på at det ikke var brøyta foran brøytebilen - 80.529 sidevisninger
  7. Supplybåt har slitt seg - 78.102 sidevisninger
  8. Herd-gutter ble slått og sparket av russisk lag - 67.240 sidevisninger
  9. Mann omkom i dykkerulykke - 61.390 sidevisninger
  10. John Arne Riise innkaller til pressekonferanse - 61.258 sidevisninger
Legg til i min rapport

Ti mest sette videoer 2016

  1. Slinningsbålet - 135.879 visninger- direktesending
  2. Webkamera fra Fjellstua - 96.644 visninger
  3. Vigra Lufthavn - 85.222 visninger
  4. Se Slinningsbålet brenne ned på 30 sekunder - 47.899 visninger
  5. Webkamera fra Brosundet - 38.023 visninger
  6. Her velter Slinningsbålet! - 33.254 visninger
  7. Vigra innflyging Øst - 22.736 visninger
  8. Webkamera fra Geiranger - 21.923 visninger
  9. Vigra innflyging Vest - 16.896 visninger
  10. Kjellen og Jann Leite i parkeringskluss - 14.690 visninger
Legg til i min rapport

Kompetanse

Fem medarbeidarar har gjennomført kurs på Institutt for Journalistikk.  I tillegg har mange delteke på kurs og konferansar i inn- og utland; fire medarbeidarar var på nordisk konferanse i datajournalistikk i Finland, ein person var på studiereise i regi av MBL i USA. Dessutan har vi hatt deltakarar på Nxt Media-konferansen i Trondheim, Nordiske Mediedager i Bergen, Nona-konferansen i Oslo og Nona VR-konferanse. Sunnmørsposten prioriterer å sende medarbeidarar  på kurs, seminar og konferanser, slik at dei kan bringe idear og kompetanse heim  til mediehuset.    Dessutan er det verdifullt å møte kollegaer i andre mediehus for å utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Legg til i min rapport

Etikk

Sunnmørsposten vart klaga inn til  PFU to gonger i 2016, og vart frikjent i begge tilfella.

SAK 106/16 – RÅDMANNEN I VOLDA MOT SUNNMØRSPOSTEN

Saka handla om ein strid rundt disponering av kommunale vegmidlar i Volda.  Saka var laga av studentane ved Høgskulen i Volda, og både Nærnett, Næravisa og Sunnmørsposten vart klaga inn av rådmannen i Volda. PFU konkluderte med at vi ikkje hadde handla i strid med god presseskikk.

SAK 149, 150, 151/16 –  STIG ANDERS OHRVIK MOT NRK, ROMSDALS BUDSTIKKE OG SUNNMØRSPOSTEN

 Klagaren meinte at det mangla eit vesentleg spørsmål i ei spørreundersøking om regionreforma, som vart gjennomført av dei tre mediehusa i Møre og Romsdal,  men han fekk ikkje medhald.

Legg til i min rapport

Svar på spørmål frå stiftelsen

Korleis går utviklinga frå papir til nett. I kor stor grad går det utover papiravisa?

Det viktigaste for oss er å lage god, grundig journalistikk som er relevant og nyttig for lesarane våre.  Før måtte vi vente til dagen derpå med å presentere det som hadde skjedd, no kan vi gjere det umiddelbart.  Det er ikkje slik at god digital publisering går utover papiravisa. Tvert om styrker det mediehuset si evne til å oppfylle sitt oppdrag.

Kva er status for nedbemanning?

Fallande annonseinntekter har gjort det nødvendig å spare penger.  Sunnmørsposten skal spare 20 millioner kroner fram til 2020, og vi har laga ein plan for å nå dette målet med frivillige ordningar.  I løpet av 2017 vil tre personar gå av med sluttpakke, og tre personar med AFP og gåvepensjon.

Kommunikasjon med brukarane:

I kva grad forklarer ein publikum sine journalistiske val? 

Vi svarer på spørsmål frå  lesarar, og legg vekt på å halde ein open dialog.  Vi har også invitert til lesartreff i avishuset for å få tilbakemeldingar på  dekninga vår av Ålesund. Det har vore svært nyttig.

Kva våga vi? Kva publiserte vi av saker som vi visste ikkje ville falle i god jord hos vårt publikum? 

Vi har lagt vekt på å skape innsyn, opne dokument og få fram informasjon – som på urettmessig vis blir halde hemmeleg. Det  gjeld til dømes i saka om dei hemmelege bonusordningane  i Helsebygg.  Vi har også deltatt i debattmøte for å forsvare Offentleglova  og prinsippet om opne styremøte i helseforetaka.

Kva meir burde vi ha gjort? Det vil eg spørre lesarane om.

Hanna Relling Berg

Legg til i min rapport