Færre utgåver vil spare kostnader til både distribusjon og trykk, sjølv om avisene no er vesentleg tjukkare enn tidlegare. Endringa gjer det også lettare å gå i djupna med enkelte saker i papiravisa. Samtidig gjer innføring av abonnentsaker (plussaker) på nettet at ein for abonnentane kan gå ut straks med nyhende og andre artiklar som ein tidlegare valde å spare fleire dagar til dei to utgivardagane for papiravisa. Dette medverkar dessutan til at nettavisa blir betre og meir aktuell.
Av andre endringar i avisa, kan det nemnast at nye geometriar (ny layout) blei innført i midten av november. Avisa har blitt ryddigare, og det er fleire variantar av oppslag enn tidlegare.
Frekvensomlegginga, innføring av abonnentartiklar på nett og annonsekampanje for å registrere seg for e-avisa, har bremsa nedgangen i abonnenttalet. Også i 2016 var det vekst i unike brukarar og sidevisningar på nettsida, og flest brukarar er det på mobil.
Mannskapet har vore stabilt med redaktør/dagleg leiar og to journalistar. Avisa kan ikkje drivast tilfredsstillande med færre redaksjonelle medarbeidarar. Både grafisk finpuss og marknadstenester blir utført av faste medarbeidarar i moderavisa Sunnmørsposten. Amedia tar seg av utforming av annonser/annonsesider.
Sunnmøringen blei trykt i ekstra mange eksemplar fire gonger i 2016. Alperittavisa i februar, Sommarmagasinet i juni, Strandadaganeavisa i august og Vintermagasinet i november. Opplaget for desse avisene varierte frå 3.500 til nær 16.000.