Dølen

2016 vart eit spesielt år for Dølen – i løpet av året gjekk vi frå seks til fire tilsette. Nedbemanningsprosessen har sett sit preg på arbeidsplassen vår, men samtidig håper vi at vi gjennom det arbeidet som vart gjort i 2016 er betre rusta til å møte dei utfordringane mediebransjen står overfor. Vi syns og sjølve at vi, trass at vi blir færre, har klart å vera med på å sette dagsorden i våre tre kommunar.

 





Fakta
Samlet opplag - Les mer 3735
Ikon
Utgiversted Vinstra
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Bjørn Kjellson Sletten (34)
Kommer ut Torsdag
Fordeling lesere
Antall sider produsert 1664
Redaksjonelle årsverk 4
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 48
Antall kommentarer 1
Antall innlegg på nett 3
Antall leserinnlegg 163
Klagesaker til PFU 0

Mål og prioriteringer

Dølen skal vera den viktigaste kanalen for nyhende i Midt-Gudbrandsdalen (Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu). Vi klarer ikkje alltid å vera fyrst, men vi skal ver best – når det gjelder. Vårt motto er at Dølen kjenner Midt-Gudbrandsdalen best. I 2016 har vi helde fram med å gi «folk flest» plass i avisa, eit arbeid vi aldri kan bli gode nok på, men året 2016 har vel til fulle synt oss alle kor viktig det er å lytte til strøymingane blant folk som ikkje vanlegvis kjem til orde i det offentlege ordskiftet. Gjennom langsiktig jobbing med å få fleire til å tørre å seie kva dei meiner, vil terskelen etter kvart bli senka, og gjennom det kan avisa vera med på å skape eit meir levande lokalsamfunn.

I papiravisa satsar vi framleis på å gå i djubda og produsere gode featureartiklar og magasinsaker.

I tillegg til å produsere ei avis på minimum 32 sider i veka med godt lokalstoff, produserer vi også to gonger i året eit eiget magasin for hyttefolket i vårt redaksjonelle dekningsområde, Hyttemagasin Gudbrandsdal. Eit gratismagasin på 64 sider i eit opplag på 12 000. I 2016 produserte vi også eit eiget magasin om ny E6 i samarbeid med Statens vegvesen, i tillegg til ei eige avis om skiløpet Furusjøen Rundt.

 Ved sidan av å gi ut Dølen ein gong i veka på papir og 24 timar i døgnet på nett og mobil, gav Dølen i 2016 ut fire magasin, to hyttemagasin, ei Furusjøen Rundt-avis, og ei E6-avis.

Legg til i min rapport

Legg til i min rapport

Avisens samfunnsrolle

Dølen var gjennom delar av fjoråret ei av Landslaget for lokalavisar (LLA) sine pilotavisar i prosjektet ”Levande lokalsamfunn”, eit prosjekt som tek sikte på å auke innslag av såkalla «public journalism», deltakande journalistikk, i norske aviser.

Dølen ser på denne måten å jobbe på som svært viktig i eit samfunnsperspektiv. Det å engasjere lesarane i større grad enn tidlegare, vil både vera ei styrke for avisa på sikt, men også for lokalsamfunnet. Avisa tek eit større ansvar for å vera ein aktiv og positiv bidragsytar i nærmiljøet. Likevel er det slik at deltakande journalistikk er langt meir tidkrevjande enn «vanleg» journalistikk, og vi har ikkje fått gjort like mykje som vi skulle ønske. På tampen av året følgde vi over fleire veker prosessen kring Flatmoen jobb- og aktivitetssenter i Sør-Fron, og dei som har sitt daglege virke der, i samband med budsjettprosessen i kommunen. På den måten kjem vi tett på kjelder som befinn seg langt unna «maktens tinder», for dei finst – sjølv i ein liten kommune.

Som i 2015 har infrastruktur, veg og tettstadutvikling vore saker Dølen har følgt tett. I 2016 vart fyrste del av ny E6 gjennom våre tre kommunar opna, vi har vore tett på både det arbeidet, og ikkje minst det arbeidet som gjenstår – gjennom Ringebu.

Ein annan svært viktig sak for våre tre kommunar, var prosessen kring kommunereformen. Gjennom to år har vi vore tett på ulike «leirar» i denne saka, sjølv om vi kunne dratt langt meir vekslar på «public journalism» i denne saka. I ettertid ser vi nok at ordførarar og politikarar generelt fekk litt for mykje plass i vår dekning, mens mannen i gata fyrst kom «til orde» på valdagen.

Også i 2016 har Dølen vore med på å dele ut prisen Årets midtdalsbonde. Dette er eit arbeid vi ønskjer å vera med på også vidare, for å lyfte fram dei positive sidene ved ei næring som er svært viktig i våre bygder.   

Legg til i min rapport

Svar på spørmål frå stiftelsen

Utviklinga frå papir til nett

Hos oss har vi ei parallell utvikling PÅ papir og PÅ nett. Det er ikkje snakk om noko strategisk, planlagt vriding over på nett. Likevel ser vi at når vi satsar på nettjournalistikken gjer det sitt til at ein må tenkje annleis på papir, med meir djubde og andre viklingar. Dette er sjølvsagt meir ressurskrevjande, men vi føler at vi klarer å gjennomføre dette bra – til ein viss grad. I den grad det har gått utover papiravisa er det snakk om nedgang i antal sider for å frigjere tid til nettjobbing.

Nedbemanning, status og utfordringar

I løpet av 2016 slutta to av seks tilsette i bedrifta som følgje av nedbemanningsprosjektet PM 2020, slik t vi frå og med 1. januar 2017 er fire tilsette, tre journalistar i tillegg til redaktør og dagleg leiar. Ei nedbemannning i denne storleiksorden i ein så liten redaksjon vil sjølvsagt verke inn på humør, produktivitet etc, og eg vil seie at nedbemanninga i stor grad har påverka produktet vi leverte i 2016, fyrst og fremst kvalitetsmessig. Når det gjeld utfordringar nedbemanninga har skapt er det fyrst og fremst redaktør som har fått merke det (håper eg), gjennom at arbeidsoppgåver som låg hos dei to er tatt over av underteikna (som ombrekking av redaksjonelle sider, produksjon av annonsar og merkantile funksjonar) eller oppgåvene er overført andre, eksterne ressursar som har kravd/krev mykje oppfølging. Det gjenstår framleis å sjå om ein derfor får ein reell økonomisk effekt av denne nedbemanninga.

Konkurranse frå sosiale medium og informasjonsverksemd

Har ikkje blitt nemneverdig verre i løpet av det siste året. Vår største konkurrent på redigerte lokale nyhende, er framleis regionavisa GD. Vi føler framleis at vi er ein relevant superlokal kanal for våre lesarar og innbyggarane i vårt område, og at sosiale medium er ein anna type kanal.

Kommunikasjon med brukarane

Vi er ikkje flinke nok til å forklare våre redaksjonelle val - i alle fall ikkje før vi blir spurt direkte. Ein type "metoderapport" i samband med publisering av saker kunne vore spennande å prøve, likeeins  invitere publikum med på redaksjonsmøte (for eksempel gjennom liveoverføring på sosiale medium), slik at ein skapar større forståing for journalistisk metode, kjeldetilfang og val av vinklingar.

Kva våga vi?

I samband med kommunereforma tok vi klart stilling for ei samanslåing av våre tre kommunar (på leiarplass). Folkerøystinga 22. mai viste eit klart fleirtal mot. Vi har også skrivi om fleire betente og konfliktflyte saker i nærområdet vårt, der bygdafolk står mot bygdafolk.

Døme på dette er turvegkonflikt i Kvam, sterke motstridande interesser kring heilårsveg mellom to av våre viktigaste vinterdestinasjonar Kvitfjell og Gålå, debatten om sentrum på Vinstra, der både bustadområde og næringsområde har sterke motstridande interesser, rovdyrdebatt og E6-trasé, for å nemne noko.

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

To av Dølens journalistar har i løpet av året vore på videokurs i regi av LLA.

Dette har vore svært nyttige kurs, og har resultert i ei satsing på video for avisa, som vi vil bygge vidare på i 2016. Samarbeid og kunnskapsutveksling med dei andre fådagarsavisene i PMNV avdeling Gudbrandsdalen (Vigga og Fjuken) har også vore godt det siste året, mellom anna har vi hatt fellessamling med etikkurs med generalsekretær i norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum. Heile redaksjonen har delteke i faglege opplegg i regi av LLA.  Konkurransesituasjonen vår er som tidlegare når det gjeld papiravisa, regionavisa GD har eige lokalkontor i vår region. 

 

Legg til i min rapport

Etikk

Det har ikkje vore saker med PFU i 2016.

 

Bjørn Kjellsson Sletten

redaktør og dagleg leiar

Legg til i min rapport