Den første handla om Sogndal kommunes handtering av takseringa av ny eigedomsskatt, som var svært kritikkverdig og som også utover i 2017framleis har eit etterspel i både kontrolltuval og andre kommunale organ.
Den andre store saka handlar om tilhøva i Sogn barnevern, også ei sak som framleis verserer i 2017. Det er mellom anna, mest takka vera Sogn Avis sine avsløringar - vedteke at det skal iverksetjast ei omfattande, ekstern gransking av det som har skjedd i denne organisasjonen frå 2008 til og med 2016. 18 fagutdanna medarbeidarar slutta/vart omplasserte i løpet av 2015 og 2016, det er betalt ut erstatning for mobbing og det er avdekt ei rekke alvorege avvik i eit tilsyn frå Fylkesmannen.
Seint men godt ? med pluss
Sogn Avis har hengt litt etter digitalt, men dette er i ferd med å betra seg...
Som ei av dei siste avisene i landet kom Sogn Avis i gang med plussordning i nettutgåva hausten 2016. Dette har teke tid, mellom anna, eller hovudsakleg på grunn av byte av leverandør. Nettløysinga er noko som framleis skapar utfordringar for oss.
Vår nettutgåve er enno ikkje så dynamisk og feksibel som me ynskjer at ho skal vera, men det blir stadig betre.
Det positive oppe i alt dette er at me dagleg aukar talet på digitale brukarar og langt over 50 prosent av våre abonnentar er no i denne kategorien.
Me har nær 9000 følgjarar på Facebook som me -hovudsakleg brukar til å dela våre eigne redaksjonelle saker. Den siste tida også saker som er plussa. Me har fått svært få negative tilbakemeldingar på dette.
Me er sjølvsagt også på plass både på Twitter, Instagram og Snapchat, men her er vår innsats av litt meir sporadisk karakter. Me er til dømes mykje meir aktive og flinke på dette området sommarstid, med unge sommarvikarar på huset.
Det er utfordrande å hengja med for fullt alle stadar samstundes - ressursane blir ikkje akkurat fleire og større. Me nektar på vera med på noko klikkhysteri og tek det heller litt rolegare for å vera sikre på at me publiserer stoff og saker med innhald som folk kan stola på. Me satsar vært måbevisst på unike, eigne saker og heng oss svært sjeldan på saker andre har hatt grundig omtale av før. Det finst sjølvsagt alltid unnatak.
Men skal me overleva på sikt, skal lesarane vera villige til å betala for innhaldet vårt også i framtida, me det me lagar vera eksklusivt og unikt og ikkje minst lokalt og relevant. Men mest av alt : TRUVERDIGE. Truverde -kest har du da ifrao- er vårt viktigaste våpen i kampen mot falske nyhende.
Konkurransen mot SoMe-gigantane er ei enorm utfordring også for lokalaviser. Det blir meir og meir klart.
Det er i ein slik samanheng heilt uråd å ikkje koma inn på det kaoset som Kvikkas sin inntreden som distributør av laurdagsavisene skapte før jul. Det har gått seg til dei siste vekene, men det kan ikkje stikkast under stol at me før jul seriøst vurderte å droppa laurdagsavisa. Me registrerer at andre lokalaviser har gått over til fredag, me håpar å sleppa !
Samfunnsansvar
Sogn Avis vart oppretta i 1993 og er eit resultat av ein fusjon mellom S/SA og Sogn og Fjordane.
Avisa er partipolitisk uavhengig, men skal ha skarpe meiningar også om politiske parti. Me skal i det daglege ha fokus på nyhende der eitt av måla er å setja dagsorden. Debattstoffet skal ha sentral plass i avisa.
Avisa dekker åtte kommunar i Sogn, (Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster)og kjem ut på Leikanger.
Dei små nyhenda og dei gode historiane skal også ha viktig plass i avisa. Terskelen for å få spalteplass skal vera låg, men det er viktig at me gjer ei journalistisk vurdering av omfanget på stoffet.
Alle tilsette i Sogn Avis og Ingvald Husabø Prenteverk skal jobba for at det ikkje kjem feil på trykk i avisa. Fakta, namn og stadnamn SKAL vera rett. Dette arbeidet skal skje på tvers av avdelingane. Kjenslevart stoff, som dødslysingar, skal kontrollerast ekstra nøye.
Meir og betre digtalt
Sogn Avis må - og skal bli betre digitalt.
I 2016 hadde me fleire nye digitale/TV-prosjekt.
To av desse vil me freista å utvikla vidare.
«Veggen»
var ei satsing opp mot plussinga.
Veggen er ein ny serie på nett og avis med foto, tekst og levande bilete.
Utgangspunktet er at alle har noko på veggen, og det er ofte knytt ei historie til kvifor du heng opp eit hjortehovud, kunstverk, foto eller ein medalje på veggen din.
Film: Det vert laga ein enkelt film, som kan vera frå eit halvt minutt til 10 minutt, der intervjuobjektet fortel kvifor. Me bruker timelaps, foto o.l. for å krydra filmen.
Avis: Me lagar ei side/fleire sider i papiravisaunder tittelen Veggen. Her vert foto og tekst nytta til å fortelja historia, og me marknadsfører saka som ligg på nett, og på e-avisa kan ein trykka på bilete så kjem filmen.
«Bak disken»
SA-TV desember 2016
Med produktplassering!
Korleis engasjerera lesarane i vekene før jul? Me tenkte julebakst og «Bak disken» var eit faktum, etter oppdrag-metoden. Fem par fekk i oppdrag å baka ei julekake - utan oppskrift.
Det vart laga seks episodar - der den siste var domarpanelet sin dom.
Men me har synt at det let seg gjer med dei ressursane me har å få til noko nytt, og forhåpentleg sjåarvenleg.
Det var visjonen. Less is more. Meir kjem i 2017.